Hans Martin Austestad/Songfuglen

Fuglen syng ikkje fordi han vil syngja. Fuglen syng fordi han har ein song.


Konsert

Lørdag 23. april kl. 13

For hele familien (barn i alle aldre)

KVA ER EIGENTLEG EIN SONGFUGL? KVIFOR FINST DET RYTME? KVA ER EIGENTLEG MUSIKK?

Hans Martin Austestad er ein 36 år gamal nysgjerrigper som har reist i hele Norges land på jakt etter eit godt svar på desse vanskeleg-lette spørsmåla. Er det noko me kan lage? Noko me har arva? Kor har me det frå? Er musikk noko me kan ta på, eller noko me kan høyre? Eller kanskje det er noko me kan kjøpe? Kva kan musikken gjere med oss? 

Hans Martin har funne ut ein ting: Svara kjem ikkje frå spørsmåla, men frå songane! Så velkomen til Elefantteateret for å vere med på denne nye framsyninga for born i alle aldrar. 

Austestad har vore nominera til Spellemannprisen heile tre gongar for sjølvskrivne album med Løkki og Earlybird Stringband. Djupt inspirera av folkeleg musikk er han opptatt av at tradisjon berre er halve sanninga på kva som gjer folkemusikk til folkemusikk. Den andre halvparten av sanninga er at kva som helst kan bli til ei låt. 

 

Hans Martin Austestad – vokal, diverse instrumenter